20210919_143301

Storseier til Varhaugherrene

2.divisjon herrer – Håndball: 

Etter tap i første serierunde mot Viking TIF var det eit lag som var godt gira for å ta sesongens første seier.  

Kampen starta likeså godt med ein “fygar” som Jone Sele Holmebakken sette etter assist frå Ola Moi. Etter ein god start mista ein intensiteten i spelet og laga fulgte kvarandre til det var gått 20 minutt, så fekk guttane opp tempoet og Varhaug takka for følgjet. Lasse Skjærpe Aksnes sette inn 16-10 eitt sekund før første omgang vart blesen av.  

Herrene speler god handball i andre omgang og nektar å sleppa inn Stord i kampen att. Thomas Sikveland stod godt i mål og fekk to poeng av dagens jury. Dagens Varhaugspelar vart Ola Moi, som fekk tre poeng – me gratulerer! 

Jone Sele Holmebakken sette inn dagens siste mål og kampen endar 29-18 til Varhaug. 
Takk til alle som møtte opp for å heia på guttane, det var vel anvendt tid ein søndag! Takk til alle som bidrog til at arrangementet vart godt gjennomført! 

 Neste kamp er borte i Steinsvik arena før neste heimekamp tysdag 12.oktober, klokka 20:00 i Jæren Sparebank Arena. Då kjem Sandnes 2 på besøk. Me gler oss! 

 Varhaug sitt lag: Ole Ernst Sør-Reime, Thomas Ueland, Reidar Refsnes Johnsen 2, Tormod Aksnes 3, Glenn Ove Kvia 1, Ola Moi 6, Herman Vigre, Thor Henning Fuglestad, Jone Sele Holmebakken 7, Thomas Sikveland, Thomas Moi 1, Sebastian Aanestad 1, Lasse Skjærpe Aksnes 6+1, Morten Enåsen, Chris Terje Lode 1, Idar Engelsvoll. 

Tekst og bilde – Ingunn Helen Reiestad

Andre nyheter

image

Et varmt velkommen til Tove Nærland!

Varhaug IL er utrolig glade for å ønske Tove Nærland velkommen som vår nye administrasjonsmedarbeider!...
Årsmøte dokumentene (1)

Full oversikt før årsmøtet – last ned dokumentene her

Årsmøtet er en viktig begivenhet for alle medlemmer av Varhaug IL. For å sikre at...
Velkommen årsmøte

Bli med på årsmøte og årsfest i Varhaug IL!

Varhaug IL inviterer alle medlemmer til to viktige arrangementer denne våren – årsmøtet og årsfesten!...