blome

Mindor Jelsa er død

Med Mindor sin bortgang, er ein trugen og sann idrettsvenn gått bort så alt for tidlig, berre 75 år.

I ungdomen var Mindor ein habil fotballspelar, og hadde før 1982 spela 314 kampar og skora 193 mål. (Då Varhaug Idrettslag var 50 år, stod Mindor øvst på skoringslista). I tillegg til å vera aktiv som spelar, engasjerte Mindor seg tidleg i laget sitt ve og vel. Han var leiar i hovedstyret i 1967, 1968, 1969, 1970 og 1977. Seinare hadde han andre verv i VIL.

Då Varhaug Idrettslag feira 50 og 75 år, vart det laga jubileumsbøker, og Mindor var med i begge desse redaksjonane.

Alt i alt var Mindor alltid oppteken av kva som gjekk føre seg på Iden, enten det var arrangement eller byggearbeid. Då helsa svikta, hadde han sin daglege trimtur oppom anlegget, både for og sjå kva som gjekk føre seg i tillegg til å drøsa med kaffigjengen.

Mindor hadde laget si høgaste utmerking, æresteikn i gull.

 

Tankane våre går nå til kona og familien, og me lyser fred over minnet til Mindor Jelsa.

 

For Varhaug Idrettslag

Liv Hobberstad

Andre nyheter

Cupkamp

1.runde NM: Varhaug-Viking

Fotballgruppa i Varhaug IL kan stolt presentere første runde i NM - Veien til Ullevål....
Rogaland - Hå - Grødalandsskogen - Jærkysten

Familiedag i Grødalandsskogen 7 april kl.12.00

Påmelding HER
varhaughallen_23062016_17-DSC_9523

Vi minner om…