G12 avdelingsvinner 2016-17 sesong

G12 avdelingsvinner 2016/17

Det har vore ein fantastisk kjekk sesong. I starten hadde me eit blanda lag med 2004 og 2005 modeller. Jamt og trutt har me fått fleire spelarar heile sesongen. Halvvegs hadde me så mange at me kunne ha eit lag i kvar aldersklasse. Nå er det ca 12-13 spelera på både G11 og G12! Håper det fortset slik neste sesong.

G12 spela i Breddeserie 1. Det var 15 lag i denne divisjonen. Me spela enkel serie fyrst, så blei me delt i 3 grupper. Me låg på 2. plass og havna i øverste pulje med Viking 2, Forus & Gausel, Voll, Havørn og Riska. Det vart ei jamnspelt gruppe. Ingen vant alt og ingen tapte alt. Me har spela mot Viking 2 ved fleire anledninger denne sesongen, og i siste kamp mot dei så kjempa me i hamn ein 1-målssiger. Det gjorde godt, og nå såg me at me kunne ha sjanse til å verta avdelingsvinnarar. Me tapte mot Forus & Gausel, men vann resten. Etter ein tett og spennande kamp mot Havørn i siste kamp var det klart at me vann avdelinga.

Me har mange spelarar på scoringslista kvar kamp, og alle kjempar godt i forsvar. Me vinn med godt lagspel, og ingenting er kjekkare!

Gutane har sjøl størstedelen av æra. Og me trenarar må dele æra med Bjarte Lende. Han har hatt 5 av spelarane våre med på trening med G13/14 ein gong i veka heile sesongen. I tillegg sette me veldig pris på at Kjetil Aanestad kom innom på treninga vår ein kveld og gav både trenarar og gutane mange gode råd og tips!

 

Anne Håland, Kathrine H. Varhaug, Hege T. Kverme, trenarar G12 Navn på bilete: 1. rekke frå venstre: Sander Aanestad, Stian Bratland, Jesper Halvorsen, Mikkel Skretting, Sigurd Bore Håland, Tobias Høyland Vestly og Lasse Hadland. 2. rekke frå venstre: Hege Kverme, Johannes Stokkeland, Jesper Kverme, Snorre Varhaug, Samuel Ådnøy, Mindor Håland, Thomas Ånestad, Kevin Olsen Mathiassen, Thomas Auestad, Kevin Danielsen Haugsdal, Kathrine Varhaug og Anne Håland.

Andre nyheter

Cupkamp

1.runde NM: Varhaug-Viking

Fotballgruppa i Varhaug IL kan stolt presentere første runde i NM - Veien til Ullevål....
Rogaland - Hå - Grødalandsskogen - Jærkysten

Familiedag i Grødalandsskogen 7 april kl.12.00

Påmelding HER
varhaughallen_23062016_17-DSC_9523

Vi minner om…