Styrkerommet

Vil du bli medlem i styrkerommet?
Møt opp mandag, tirsdag, annen hver onsdag, torsdag mellom kl. 18.00 og kl. 20.00 eller fredag mellom kl. 08.00-10.00 for gratis prøvetime.
Betjeningen har medlemsavtaler og brikker klar til bruk. Er du under 18 år trenger du signatur av foresatt. Skriv gjerne ut avtalen i forkant og ta med ferdig signert eksemplar. Avtalen finner du her:
Medlemsavtale for bruk av styrkerom og gruppetimar hos VIL – 2020 II
- Reglar for bruk av nøkkelbrikke hos VIL
- Det er depositum på kr 100,- for nøkkelbrikka.
- Nøkkelbrikka og koden er personleg. Alle må ha med brikka for å få tilgang.
- Det er forbode å låne nøkkelbrikka til andre. Ved misbruk vert brikka sperra, og det må betalast eit gebyr på kr 500,- for å få brikka opna att.
- Mister ein nøkkelbrikka eller den vert stolen, må ein melda frå snarast.
Brikka vert sperra og ein får ny mot eit gebyr på kr 100,-
- Reglar for bruk av styrkerommet hos VIL
- Aldersgrense for bruk av rommet er det året du fyller 15 år (dvs frå nyttår i 9. klasse). Kontrakten må signerast av ein vaksen dersom du er under 18 år.
- Medlemsskapet er personleg og kan ikkje nyttast av andre.
- All trening skjer på eige ansvar, og du har sjølv ansvar for dei eigedelane du tek med deg.
- Rommet er først og fremst for trimmarar, og det skal normalt ikkje brukast til organisert lagtrening anna enn alternativ trening for einskildutøvarar.
- Vis omsyn til andre brukarar av rommet.
- Musikk/TV skal ikkje vera så høgt at det er til sjenanse for andre.
- Ikkje legg beslag på treningsapparat lenger enn nødvendig viss nokon ventar på tur.
- Ver reinsleg. Bruk handklede eller tørkepapir.
- Bruk reine innesko og treningsklede.
- Av omsyn til andre oppmodar vi til bruk av korterma eller langerma skjorte; ikkje singlet eller utan skjorte.
- Rydd etter deg.
- Legg vekter og manualar på plass etter bruk.
- Bruk søppelbøtta.
- VIL er sertifisert som Reint idrettslag. Bruk av rusmidler og ulovleg prestasjonsfremjande midler er strengt forbode. Bruk av slike midler vil føra til umiddelbar bortvising frå anlegget og mogleg utestenging frå idrettslaget.
- Ved brot på reglane kan VIL utan forvarsel sei opp avtalen. Innbetalt kontingent vert ikkje tilbakebetalt.
- Medlemmane pliktar sjølv å halda seg orientert om neste års kontingent. Denne vert fastsett på årsmøtet.
Medlemsskapet inkluderer gruppetimer. Oversikt over treningstidene finner du under Idretter/Trim og friidrett.
Følg gjerne Facebooksiden «VIL styrkerom og gruppetimer».