Då får me igjen mulighet til å kjøpa klubb-billettar til redusert pris. Det skal vera kampar 2 dagar i Stavanger, og me kan bestilla til begge to. Dersom det vert mange påmelde, så prøver me å ordna buss som tidlegare år. Billett til kampen kostar kr 130,- pr. person, og så får me koma tilbake til busspris dersom det vert aktuelt. Alt skal betalast inn på førehand.
Send med laget ditt eit skriv om dette er aktuelt for dykk. Påmelding til meg på mail innan 1. oktober då det er første mann til mølla som får billettar. (endeleg frist er 7., men me pleier alltid å bestilla ei tid før)
Husk å skriva tydeleg på kva dag de ønsker billettar til, pluss skriv tydeleg kor mange av dei som vert med totalt som treng buss i tillegg.
Tina Håland












































































