Keeperskule 22-23.september på Varhaug IL

Det er anledning for alle keepere i klubben mellom 8 og 16 år, å melda seg på keeperskulen som vert arrangert her på Varhaug 22-23.sept. Prisen er 1200kr pr stk. men fotballgruppa vil dekkja minimum 600kr av dette. Dersom det vert mange påmelde spelarar, vil me få nokon gratisplasser. Dette vil me fordela på alle frå klubben som deltek, så støtta kan verta noko større enn 600kr.

Me ber om at lagledarane meldar frå til Dag Madland om kven som meldar seg på, sånn at me har oversikt. Oppmoding om å delta er hermed gjeve

Påmelding – trykk her