Vil du bli støttemedlem?

I så tilfelle er du med og støttar opp om arbeidet vårt for å gjera Varhaug til ein endå betre plass å bu.

Hovedfokuset vårt er sjølvsagt idrett, og me tilbyr 8 ulike idrettsgreiner. Aldersforskjellen på yngste og eldste aktive medlem er ca 70 år.

Idrettsglede og fysisk aktivitet er viktig, men me ønsker å bidra med meir enn det. Me har samarbeid med skulane med blant anna skulefrokost og leksehjelp. Me har samarbeid med Folkepulsen, slik at fleire kan få gratis trening. Me har samarbeid med Språksprell, me har rom der pensjonistar spelar kort, me har inkluderingsfond slik at barn i alle familiar skal ha råd til å vera aktive; ja, me har mykje for mange.

Me bryr oss om Varhaug og vil gjerne ha fleire med på laget. Vil du vera med? Det kostar kr 200,- ut 2018.

Blant nye støttemedlemmar innan 31.10. trekker me ut 5 personar som får gratis, personleg medlemsskap i styrkerommet for 2019.

Varhaug idrettslag – meir ein eit idrettslag!

Innmelding støttemedlemsskap