Har du barn 0-3 år?

Veit du at så små barn også kan vera medlem i Varhaug idrettslag? Idrettstilbodet startar når dei er 4 år, men barnemedlemsskap kan vera med og støtta opp om arbeidet vårt for å gjera Varhaug til ein endå betre plass å bu. Medlemskontingenten for dei minste er bare kr 100,-.

Hovedfokuset vårt er sjølvsagt idrett, og me tilbyr 8 ulike idrettsgreiner. Aldersforskjellen på yngste og eldste aktive medlem er ca 70 år.

Idrettsglede og fysisk aktivitet er viktig, men me ønsker å bidra med meir enn det. Me har samarbeid med skulane med blant anna skulefrokost og leksehjelp. Me har samarbeid med Folkepulsen, slik at fleire kan få gratis trening. Me har samarbeid med Språksprell, me har rom der pensjonistar spelar kort, me har inkluderingsfond slik at barn i alle familiar skal ha råd til å vera aktive; ja, me har mykje for mange.

Me bryr oss om Varhaug og vil gjerne ha fleire med på laget. Vil du melda inn din håpefulle?

Varhaug idrettslag – meir ein eit idrettslag!

Innmelding barn 0-3 år