Ny kalenderfunksjon

Jippi, nå har me snart ny kalender på heimesida vår. I den nye kalenderen får me sjå alt som skjer på anlegget, gruppert i desse hendelseskategoriane:

  • Manuelle bookingar
  • Treningstider
  • Kommunale bookingar (skulane og barnehagane)
  • Håndballkampar (henta frå handball.no)

Me kan ta utval på hendelseskategori og på lokale. Me kan ellers velga mellom månadsvisning og dagsvisning.

I tillegg har me fått sjølvbetjenings-funksjonen «Bestill lokale».

I overgangsfasen (frå 29.12. og i starten av januar) kan kalenderen vera noko ustabil.